|
Aktivitetar Klubben
|
Historikk Særleg på 1950 og 60 talet bruka ein å reisa for å spela kampar mot andre lag i området. Både Undheim, Hellvik og andre lag fekk då besøk av Matningsdal. På 60 og byrjinga av 1970 talet hadde ein lenge fast trening kvar tirsdagskveld. Då som no samla treningane på Matningsdal ein 20 - 30 mann kvar gong. Johan og Terje på Øyestad hadde eigne treningsdrakter, der mora Olga Mattingsdal hadde sydd på Foran bak på ryggen. Tidleg på 1970 talet vart det slutt på fotballspelinga på Matningsdal, og bortsett frå litt speling når ungane var saman og leika, og ein fast tradisjon med fotballkamp på Øyestad kvar sankthans, vart det ikkje noko organisert aktivitet før i 2004 att. Då drog ein gjeng i gang å arrangera bygdadag med fotballkamp som hovedingrediens. Dette vart stor suksess, og Matningsdalslaget samla 20 mann på banen. Det var og over 100 mann og såg på. Fleire av dei gamle som sjølve hadde spela på Matningsdal i si tid, tykte at dette var like kjekt som i gamle dager. Sjølve om kampen vart tapt 8-10 gav dette meirsmak. Våren 2005 bestemde ein seg for å byrja med faste treninger på kjelvå nedanfor løå sjå Torfinn Tjåland, der og bygdadagen hadde vorte arrangert hausten før. Etterkvart drog treningane mykje folk og i løpet av det fyrste året var det over 30 mann innom på treningane, og 20 av desse var meir eller mindre faste. I mai 2005 samla ein seg sjå Lars Erik Matnisdal på Vigrestad. Då vart det fyrste styremøtet halde, og ein bestemde seg for å forsøka å melda laget inn i Idrettsforbundet, slik at ein kunne melda på eit lag i seriesystemet i 2006. Etter ein lang kamp og to søknadsrunder vart me kalla inn til drøftingsmøte sjå Rogaland idrettskrets i januar 2006. Der kom det fram at vår søknad ville stå sterkare dersom me fekk avtale om bruk av godkjend bane allereie i år. Me forhøyrde oss så med fleire naboklubbar, og var så heldige at Eiger IL stillte kunstgrasbanen vår i Håla til disposisjon til vare heimekamper i 2006. Så, den 16 februar 2006 vart me endelig godkjende som lag og opptekne som medlem i Norges idrettsforbund, og kunne melda på eit 7 er lag til seriespill. Me fekk i løpet av våren avtale med Vigrestad IK om leie av bane til kampane våre for 2006 sesongen. Dette kom i stand på grunn av at me hjalp Vigrestad med å gå vakter i Kongeparken. Dermed spela me alle heimekampane våre på Vigrestad i 2006.
|